20.12.2007 – Fjellkraft får bygge Røstad Kraftverk

NVE har gjeve Fjellkraft løyve til å bygge Røstad kraftverk i Innerelva i Leksvik kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil gi ein årleg produksjon på omlag 9,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 470 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 83 m over ei strekke på 1,3 km i nedre del av Innerelva.

Av omsyn til allmenne interesser i og langs vassdraget skal det sleppast ei minstevassføring på 130 l/s heile året forbi inntaket i Innerelva.

"Dette er eit prosjekt Fjellkraft har jobba med i tre år, og vi er nøgde med at prosjektet no kan realiserast", seier leiar for prosjektet hos Fjellkraft, Thomas Hunstad.

Prosjektet er eit samarbeid mellom lokale grunneigarar, Opplysningsvesenets Fond og Fjellkraft.