07.06.2010 – Fjellkraft får konsesjon til å byggje Vikelva kraftverk
NVE gjev Fjellkraft AS løyve til bygging av Vikeelva kraftverk i Kåfjord kommune i Troms. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på ca. 14 GWh, noko som svarar til det årlege forbruket til omlag 700 husstandar.
Kraftverket vil ligge i Vikeelva i Nordmannvikdalen og nytte ei fallhøgde på 146 meter og redusere vassføringa på ei 2800 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravd rør mellom inntak og kraftstasjon. Det er ikkje funne raudlista artar langs elva, men omsynet til landskap, fisk og elvenær vegetasjon gjer at NVE meiner det er naudsynt med minstevassføring heile året. Denne er fastsett til 500 l/s i tida mai til og med september, og 100 l/s resten av året. Desse tiltaka i tillegg til god planlegging og oppfølging av prosjektet i byggetida vil etter NVE sitt syn gje akseptable verknadar for landskap og miljø. NVE vurderer fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor Fjellkraft AS løyve til bygging av Vikeelva kraftverk på fastsette vilkår.
Vedlegg